Du kan bla til neste sideBla med piltastene

NATUR

Å høyra til

Knut Løvås

Me treng nokon som held oss fast i verda, enten dei har to eller åtte armar.

Då David Attenborough i 2020, som 93-åring, såg attende på jorda si utvikling i den perioden han sjølv hadde levd, og gav oss sitt vitnesbyrd om dette i den mektige dokumentarfilmen «A Life on Our Planet», siterer han ein stad ei sentral setning frå boka «Belonging: Remembering Ourselves Home» av Toko-pa Turner. Ei kort setning, som eg siterer på engelsk, då forfattaren sitt spel med ord fortel noko vesentleg om vår evne til å kjenna oss heime, til å høyra til på kloden: