Kan me heidre det som har vore, meir enn å sørge over det som ikkje blei?
Å gjere det slutt, slå opp, bli skilt, kvitte seg med kjærasten, det er vanskeleg.
Marija Beze vaks opp i krig og har leitt etter miner i 14 år. Men ingenting skremmer henne så lenge ho har ein hundenase til å vise veg.
Marija Beze kviskrar nokre ord på kroatisk til spanielen Oliver. Han glepper med auga og lét henne greie og klippe dei lange øyra hans. Beze veit at han slappar av og stoler på henne. Ho har med tida lært å kjenne igjen alle teikn hundane sender ut om korleis dei har det.