Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gullsjakal streifa i Lakselv

FØRSTE GONG: Bilete frå februar viser at det var ein gullsjakal i Lakselv i Finnmark, stadfestar Rovdata og utanlandske ekspertar. Det er første gong arten er sett i Noreg. Dette truleg er naturleg spreiing av ein art, ifølgje Miljødirektoratet, ikkje ein framand art. Gullsjakalen er utbreidd over store delar av Søraust-Europa, Midtausten, Sentral- og Søraust-Asia. Dei siste tiåra har arten har hatt ein dramatisk ekspansjon over heile Europa, ifølgje Rovdata. Den har dei siste åra òg vorte observerte i Finland. Årsaker til vandringa kan vere mildare vintrar med mindre snø, reduserte bestandar av store rovdyr, og reduksjon i bruk av gift og endringar i landbruket. ©NPK