Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sende ut over 10.000 personar

ASYLPOLITIKK: Totalt 10.041 personar vart tvangsreturnerte frå Noreg i fjor. Talet er justert opp med 1187 personar sidan 11. januar. Det kjem fram av nye tal frå Politiets utlendingseining (PU). Dei fleste av etterregistreringane er returar til Sverige. Årsaka til auken er at mange vart viste bort etter smittevernlova i desember månad. Medan det i 2020 vart tvangsreturnert 10.041 personar frå Noreg, var talet året før 4157 personar, ein auke på 142 prosent. Av nasjonalitetar vart det i fjor returnert flest borgarar frå Sverige (2345), Romania (1079), Polen (754), Litauen (392), Syria (383), Tyskland (362), Afghanistan (267), Ukraina (265), Irak (232) og Russland (202). ©NPK