Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kommentarar til ei utmelding

Når nynorsken opplever motgang, dukkar det med jamne mellomrom opp folk som har ei lang fartstid bak seg i målrørsla og veit å sitja inne med heile forklaringa på kvifor nynorsken går tilbake. Ein av desse er Hallvard Hegna frå Atrå i Tinn kommune – ei bygd som nyleg har gått over til bokmål. I likskap med mange i min foreldregenerasjon meiner han at det er innføringa av bokmålsnære former i nynorsk som er årsaka til tilbakegangen, og skuldar Noregs Mållag for å medverka til denne utviklinga.