Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tvangsekteskap kan gi fengsel

STRAFF: Regjeringa sanksjonerte i går Stortingets vedtak om å forby tvangsekteskap. Lovendringa trer i kraft frå og med 1. april og betyr at ein no kan straffast med fengsel i inntil seks år viss ein tvingar nokon til å inngå ekteskap eller ein «ekteskapsliknande forbindelse.» Justisminister Monica Mæland (H) så i fjor at slike forhold som blir opplevd som sosialt eller kulturelt bindande, i praksis «vil ha mange av dei same negative verknadene som formelt inngåtte tvangsekteskap». Det skal leggjast vekt på om forholdet er «varig, blir opplevd som bindande og etablerer rettar og plikter mellom partane av rettsleg, religiøs, sosial eller kulturell karakter».©NPK