NRK har funne ut at berre 42 prosent av fyrstekandidatane til Raudt er kvinner. Heldigvis er det kvinnefleirtal der me har lettast for å få mandat, men åtte kvinner er like fullt for dårleg og eit problem. Kvinnene er undertrykte som kjønn. Dei tener mindre, har mindre formue og mindre makt. Dei er i større grad utsett for vald frå vener og familie, som er dei ein burde vore aller tryggast med. Slik skal det ikkje vera, difor treng me kvinnefrigjering.
For dårleg!
DebattRaudt