Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Mange av Bibelens kvinner har gått i bresjen for den moderne kvinnekampen, skriv Alf Kjetil Walgermo.

Bibelsk kvinnekamp

HARDTSLÅANDE KVINNER: I nederlandske Salomon de Brays måleri «Jael, Debora og Barak» (1635) er det Jaels hammar og blodige teltplugg som fortel oss kva som nettopp har hendt: Ho har tatt livet av den fiendtlege hærføraren ved å slå teltpluggen gjennom hovudet hans. Foto: Museum Catharijneconvent/WIKIMEDIA COMMONS

Bibelens kvinner har ofte stått i skuggen av Bibelens menn. Mange av dei fleire hundre kvinnene som er skrivne inn i verdas mest lesne bok, spelar likevel avgjerande roller i si samtid. Fleire kan seiast å ha gått i bresjen for våre dagars kvinnekamp.