SVALBARD: Ein mann vart angripen og skadd av ein isbjørn i Mohnbukta på austsida av Spitsbergen tysdag, men slapp unna med lettare skadar. Det var to personar i følgjet, og isbjørnen vart skoten og drepen i samanstøyten, melder Sysselmannen. – Som alle saker der ein isbjørn blir drepen, vil òg denne bli etterforska, seier kommunikasjonsrådgivar Terje Carlsen hos Sysselmannen. Han opplyser at den skadde mannen har opphald i Longyearbyen og ikkje er turist på Svalbard. Ifølgje Svalbardposten skal det ha vore observert mykje isbjørn og -spor i Mohnbukta dei siste dagane.©NTB
Du kan bla til neste sideBla med piltastene