Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Utmelding: brev til Mållaget

Det har vorte openbert for meg at det ikkje lenger har noko for seg å vera medlem i Noregs Mållag; eg burde ha meldt meg ut tidlegare: I 2005 skreiv Skjalg Longva frå Ørsta ein kronikk med overskrifta «Det nynorske sjølvmordet»: «Når eg ikkje lenger klarer å halde styr på formverket i nynorsk, misser eg då oversynet? Mistar eg det? Mister? Missar …? Faen veit. Og han er snart den einaste», sa han i ingressen. Og professor Kåre Lunden (1930-2013): «Dei greier det visst sjølv!» – å øydeleggja nynorsken.