Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Dyre vegar kostar meir enn det gir

SAMFERDSEL: Dyre vegutbyggingar har liten effekt på befolkningsvekst og fleire arbeidsplassar i distrikta og kostar meir enn det gir, viser ny forsking. Ei undersøking frå NTNU viser at få av dei forventa ringverknadene ved nye vegutbyggingar faktisk skjer, skriv Dagsavisen. Funn etter ti store vegprosjekt som var ferdigstilte mellom 2005 og 2014, viser at det berre var fire av 19 kommunar som hadde fått fleire bedrifter, trass i kortare reisetid på mellom 5 minutt og éin time. To av dei hadde faktisk fått færre bedrifter. Berre tre kommunar hadde fått auka sysselsetjing, og fire kommunar melde om fleire innbyggjarar.©NPK