Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Responsmønsteret til samfunnet på sjukdom avheng av kven den råkar.

I epidemiens tid

FEST OG DØD: Karakterane i «It’s a sin» har ikkje ei hiv-vaksine å sjå fram til. Hovud- personen Ritchie er så redd for sjukdommen at han lèt vere å la seg teste. FOTO: CHANNEL4

Korkje den engelske tv-serien «It’s a Sin» eller den US-amerikanske kinofilmen «The Normal Heart» vart laga under den farsotta som vi no slit med. Men begge er no tilgjengelege på strøymetenesta HBO, og det tyder på at kanaleigarane har sett at dei har samtidsrelevans. Begge desse etter mitt syn svært gode produksjonane lèt oss spegle covidepidemien i den andre store epidemien i nyare tid. Fordi media stort sett berre klarer å forhalde seg til éi medisinsk krise om gongen, kan det sjå ut som om hiv no har hatt sine femten minutt. Det er ikkje tilfelle, og desse sendingane klarer også å minne oss om at den gamle farsotta ikkje er borte fordi om vi har fått ein ny: Dagen etter at den første episoden av «It’s a Sin» vart send i England, kom det inn over åtte tusen bestillingar av testsett for hiv.

Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Hanne Linn Skogvang og Muna Jibril skriv i Klassekampen måndagar.