Månen lyste over norsk og dansk sakprosa i februar.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Vi noterer
… at den franske forfattaren Joseph Ponthus er død, etter ein hard kamp mot kreften. Han blei 42 år gammal og rakk berre å gi ut to bøker, sist den lyriske arbeidarromanen «Linjeskift – Skriftblad frå fabrikken». Boka kom på norsk i fjor (omsett av Margunn Vikingstad) og er i år nominert til Kritikarprisen, blant anna for desse linjene: «På veg heim frå nattarbeid / Det byrjar så vidt å lysne langt borte i aust.»