Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fleire må ta tran for korona-forsking

NYBROTT: Infeksjonsmedisinar Arne Søraas fortalde om det store forskingsprosjektet på ein pressekonferanse i haust. FOTO: JIL YNGLAND, NTB Jil Yngland

PROSJEKT: Forskarane etterlyser fleire nordmenn som vil ta tran. Så langt har dei nådd halvvegs til målet om å få 70.000 av oss med i studien om koronasmitte.

Ekspertane har lagt merke til at færre av dei som tek tran, blir smitta av koronavirus. Viss dei blir smitta, ser dei ut til å bli mindre sjuke. Målet er å finne ut om det kjem av livsstilen til vanlege tranbrukarar, eller om det er tran i seg sjølv som verkar.