Krista Lien Indrehus
Flør
Dikt
Samlaget 2021, 60 sider
Eg blir vennleg stemt av å opne Krista Lien Indrehus si nette debutdiktsamling «Flør». Bestemødrer, spiskammers og utforsking av slekt og natur er ikkje akkurat nye ingrediensar i norsk samtidspoesi, men dei vekker appetitten likevel. Boka opnar med døden til ei bestemor, medan eg-et er ei ung jente. Seinare kjem ho tilbake til bestemorhuset, og landskapet det ligg i, som vaksen. Ho vandrar rundt og gjer observasjonar knytt til naturen rundt seg.