Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Slekt: Bestemødrenes landskap blir stundom for flatt i dei elles fine dikta til Krista Lien Indrehus.

Den ufarlege bestemorsjablongen

OBSERVERER: Krista Lien Indrehus skriv om formødrer og landskapet deira. FOTO: GEIR MOGEN
Dikt

Krista Lien Indrehus

Flør

Dikt

Samlaget 2021, 60 sider

Eg blir vennleg stemt av å opne Krista Lien Indrehus si nette debutdiktsamling «Flør». Bestemødrer, spiskammers og utforsking av slekt og natur er ikkje akkurat nye ingrediensar i norsk samtidspoesi, men dei vekker appetitten likevel. Boka opnar med døden til ei bestemor, medan eg-et er ei ung jente. Seinare kjem ho tilbake til bestemorhuset, og landskapet det ligg i, som vaksen. Ho vandrar rundt og gjer observasjonar knytt til naturen rundt seg.