I mi første søndagsskulespalte, var eg så vidt innom Babels tårn. Berre eg skriv Babels tårn, får eg Bjørn Eidsvåg-songen om emnet i hovudet: «det skulle bygges et tårn så høyt, at hele verden ville måpe i beundring». Denne songen har nok prega mi oppfatting av bibelhistoria om tårnet vel så mykje som det som faktisk står i bibelen, samt uttrykket «babelsk forvirring». Men eg misbrukte uttrykket: «Babelsk forvirring» viser ikkje til vrangforestillinga og hybrisen i å ville bygge eit tårn som rekk heilt til himmelen; «en dag skulle tårnet nå dit englene bor», men derimot til det Gud gjorde då han oppdaga kva folk i Babel heldt på med. Han ville ikkje ha dei over dørstokken, han ville ikkje ha dei ubedt heim! Difor gjorde Gud slik at menneska i Babel ikkje lenger skulle forstå kvarandre sine tungemål. Full forvirring oppstod, noko som ikkje er heilt ulikt kva som hende då høgreekstreme konspirasjonsteoretikarar storma Capitol i Washington like etter nyttår. Om det var Gud som greip inn og hindra flokkens leiar frå å skrive sine kommandoar om tårnbygging på sosiale medier som Twitter og Facebook, er vel heller tvilsamt, men at det oppstod ei slags babelsk forvirring etter storminga av Capitol, trur eg eg kan seie utan å tvære metaforen for mykje ut.
Babelsk forvirring og meetups med Gud
Olaugs søndagsskule