Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Akkurat nå

Etter eg fekk meg hipsterhobbyen å fotografere med filmkamera, har eg så klart bite meg merke i alle andre som gjer det. Så når eg ser nokon på gata, stirar eg diskre (prøver eg på, i alle fall, reknar med det ser ut som eg stirar ganske intenst) for å analysere dei opp og ned. Då får eg laga meg eit indre typegalleri basert på stort sett berre fordommar, og så kan eg gå rundt og frykte at folk tenkjer at eg er ein sånn.