Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ansvar for det skapte

LAG PÅ LAG: Alle, også Mary Shelley (Janne Kokkin), har ansvar for det dei gir liv til, om det er eit barn eller eit «vesen». FOTO: OLE EKKER Ole Ekker

Ei spennande vinkling der alt for mykje skal med. Då atten år gamle Mary Shelley sommaren 1816 skreiv romanen «Frankenstein», skreiv ho seg også til fulle inn i litteraturhistoria. Ikkje berre var ho ung, umerittert og i tillegg kvinne, men ho grunnla samstundes også ein ny litterær sjanger. Dei fleste forbind henne berre med denne skrekkromanen, men både bakgrunnen og det særs turbulente livet hennar, og ikkje minst den seinare litterære produksjonen, gjer at personen Mary Shelley er langt meir interessant enn berre som ei «one hit woman».

«Frk. Frankenstein»

Trøndelag Teater, Studioscena Av: Mary Shelley og Hildur Kristinsdottir.

Regi og dramatisering: Hildur Kristinsdottir. Scenografi og kostyme: Katja Ebbel

Lys- og videodesign: Oscar Frostad Udbye. Komponist/lyddesign: Kristoffer Lo

Med: Janne Kokkin, Jo Saberniak, Emma Caroline Deichmann og Trond-Ove Skrødal.