Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Farida får ikkje komme til Noreg

AVGJORT: Farida Mushini (15) får ikkje komme tilbake til Noreg, har Høgsterett avgjort. – For Høgsterett var spørsmålet berre om lagmannsretten hadde bygd på ei riktig forståing av utlendingslova. Høgsterett var samd i forståinga til lagmannsretten og forkasta anken frå familien, skriv Høgsterett i eit samandrag. Utlendingsnemnda baserte vedtaket sitt blant på at Farida og familien kan få vern i Kabul ved internflukt, og at dei dermed ikkje har vernbehov i Noreg. Det sa lagmannsretten seg samd i, og no også Høgsterett. Farida og mora kom til Noreg i juni 2011, då jenta var fem og eit halvt år gammal. Her er Farida Mushini i Dokka i 2012. ©NPK