Så har poden lært seg noen ord: mamma, pappa, mokk (smokk), djikke (drikke). Som man kanskje ser er r-lyden litt utfordrende, og det samme med s-en. Dette gir seg også utslag i et noe mystisk ord for smør: mør-s. En slags slenge-s, altså. Lego har blitt uttalt, det samme har mormor i et engangstilfelle av tydelig uttale, for ellers er det noe som likner på mojrs som påkalles i nærheten av nevnte besteforelder. Morfar blir mofs.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Åtti år
I dagArne Horge, hovslagar
Eg har hatt lukka med meg og berga meg fram gjennom stort og smått til eg no vart åtti år. I nokre år har eg rett nok vore plaga av å verta overlag heit i fotebladi. Utpå notti kan det draga med seg leid senadrått i fot og legg og serleg i lår. Difor ligg eg stødt i sengi med føtene stikkande fram til kjølings frå under dyna, og serleg fyrst på notti, for når mage og tarm har gjort undan kveldsmaten, då kjennest det som heten dovnar. I ein hyggjekveld hjå bondekvinnelaget fekk eg den rådi for senadrått å stå med nakne foteblad på kaldaste golvet i stugo. Det har tidt vore meg til stor hjelp.