I 1892 formulerte den tyske økonomen Adolph Wagner ein prognose som skulle vise seg å bli kanskje den aller mest treffande som nokon gong er blitt lagt fram innan økonomifaget. Kapittelet der prognosen blir presentert, har overskrifta «Lova om det veksande omfanget til offentlege, respektive statlege aktivitetar». Wagner skriv at «blant kulturfolk i framsteg … tek staten og statlege sjølvforvalta organ over stadig fleire aktivitetar. … På denne måten blir fleire av befolkninga sine økonomiske behov, nemleg fellesbehova, jamt betre tilfredsstilte av staten og statlege organ.» Han legg vekt på at «også den relative betydninga [til desse goda] stig. Det vil seie at ein stadig større og viktigare del av dei samla behova … blir tilfredsstilte gjennom staten.»
Økonomane Morten Jerven, Erik S. Reinert, Maria Walberg, Rune Skarstein, Chr. Anton Smedshaug og Marie Sneve Martinussen skriv onsdagar i Klassekampen.