Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det finst framleis tabu som litteraturen ikkje vågar seg inn på.

Mødrene i bøkene

EIT SKARPT BLIKK: Sandra Lillebø har skrive om mødrer og døtrer i den sjølvbiografiske romanen «Tingenes tilstand». Hanne Marie Lenth Solbø

Det var vanskeleg å snakka med andre kvinner om mor mi. Eg hadde sjølvsagt ingenting imot at dei som kjende henne personleg, gjerne ville få sagt at dei likte henne godt, og eg var glad for at ho ikkje utleverte privatlivet vårt til gud og kvarmann. Likevel gjorde ho meg så fortvilt at det var ein lette då ho ikkje lenger hugsa kven eg var, og ei gjenerobring av meg sjølv då ho låg heilt still i ei pent oppreidd sjukehusseng og var død. Det ville gjort stor skilnad for oss begge om ei kvinne som ho hadde respekt for, hadde sagt til henne at ho skulle la meg vera i fred mens ho enno levde.

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.