Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vi noterer

… at utdelinga av den tradisjonsrike «Bad Sex in Fiction»-prisen er avlyst i 2020. Tidsskriftet Literary Review har delt ut prisen sidan 1993, då ein kritikar og ein redaktør hadde fått nok av dårlege sexscener i litteraturen. I 2020 innser dei at også lesarane har fått nok: Vi har opplevd nok dårlege ting i år, og skal sleppe å bli utsett for dette i tillegg. Med andre ord slapp Haruki Murakami med skrekken i år også.