Knut Ivar Bjørlykhaug og Arne Johan Vetlesen (red.)
Det går til helvete, eller?
Sakprosa
Om kjærlighet, sorg og raseri
i natur- og klimakrisens tid.
Dinamo forlag 2020, 192 sider
Arne Johan Vetlesen
Smerte i vår tid
Dinamo forlag 2020, 192 Sider
Nettopp nå vert Bjørneboe-utstillinga «Kunsten å gjøre jorden ubeboelig» vist på Nasjonalgalleriet. Bøkene eg her tek for meg, har begge å gjera med dei kjenslemessige omkostningane ved å leva i vår verd i vår tid. Forfattaren av den eine boka og medredaktør av den andre, Arne Johan Vetlesen, var med i panelet under Bjørneboe-dagane i Kristiansand, og er, som lesarane vil vite, ei vaken, medviten, klartsjåande og uthaldande røyst når det gjeld å gjera oss merksame på stadig nye aspekt ved den eskalerande klimakatastrofen.