Læraren

«Kven slo han i dag?». Det var ikkje eit uvanleg spørsmål når dei eldre syskena mine kom heim frå skulen. Å begynne på skulen måtte vel ha fylt meg med skrekk. Skuledagen i småskulen vart prega av frykt. Redselen for ikkje å kunna lesa førde til at eg lærde meg orda i leseboka utanåt. Eg gav inntrykk av å kunna lesa, men i verkelegheita memorerte eg det som sto. Seinare, som skodespelar, har eit av dei tilbakevendande mareritta mine vore, at eg er på leseprøve på teateret men må gje opp å lesa replikkane mine av di eg ikkje kan lesa.