Det står eit lys og skin for deg på eit bakverk, som storebror hjelper deg med å blåsa ut. Du kan peika og sei pappa og mamma og hei, og snart går du. Du tar små steg bortover golvet, så lenge du har noko å halda deg i. Med hjelp av to støttande hender kan du springa på dei korte beina dine. Når me går, vinkar du.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Læraren
I dagPer Tofte, skodespelar
«Kven slo han i dag?». Det var ikkje eit uvanleg spørsmål når dei eldre syskena mine kom heim frå skulen. Å begynne på skulen måtte vel ha fylt meg med skrekk. Skuledagen i småskulen vart prega av frykt. Redselen for ikkje å kunna lesa førde til at eg lærde meg orda i leseboka utanåt. Eg gav inntrykk av å kunna lesa, men i verkelegheita memorerte eg det som sto. Seinare, som skodespelar, har eit av dei tilbakevendande mareritta mine vore, at eg er på leseprøve på teateret men må gje opp å lesa replikkane mine av di eg ikkje kan lesa.