Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Femten meiningsmålingar på råd viser at eit fleirtal av skottane ønskjer å lausrive seg frå Storbritannia.

Eit sjølvstendig Skottland?

ØNSKJER EI NY FRAMTID: Er du mellom 16 og 34 år, høyrer du til gruppa der rundt 75 prosent vil forlate unionen med England, skriv forfattaren. FOTO: ANDY BUCHANAN, AFP/NTB ANDY BUCHANAN

For nordmenn flest så er brexit nok eit tema som vekkjer interesse, stort engasjement og mange kjensler rundt EU og kva det vil seia å vera sjølvstendig og uavhengig nasjonsstat. Me ventar framleis på om det skal bli ein avtale mellom Storbritannia og EU, og det er forståeleg at nokre norske parti og politikarar er spente på å sjå kva for eit tilhøve det skal bli.