«Et fantastisk eksempel på moderne kunst», sa Storbritannias statsminister Winston Churchill 30. november 1954, da han avduket portrettet av seg selv som kunstneren Graham Sutherland på oppdrag fra parlamentet hadde malt som 80-årsgave til statsministeren.
Både Trump, Macron og Johnson har fått draghjelp av kjønnet sitt.
Giftig maskulinitet
Vesten har tre mannlege leiarar som på ulike vis syner kva såkalla giftig maskulinitet fører til. Langt den mest dysfunksjonelle av denne trioen er Trump, og han er den første til å bli vald ut. I gamle dagar kviskra min vesle indre optimist at mediefenomenet «Trump» umogeleg kunne vere ein person, han måtte vere ein persona, ei teatralsk utføring av ei rolle, ein performanse. Ein kunne gå på Youtube og finne videosnuttar av den yngre Trump, den framgangsrike eigedomsutviklaren og sosietetsløva, som prata samanhengande og presist med klientar og politikarar om utbyggingsplanar, greitt forståeleg og inntil eit visst punkt logisk. Den teatralske performansen var eit egomant monster som slengde frå seg drit og sjølvforherligande nonsens på innpust og utpust, ei retorisk maskin for å skape oppslutning om det einaste konkrete han hadde å by på, nemleg sin person. Og det funka bra nok til å tape eitt presidentval med berre tre millionar røyster, og dermed bli president. Men «Trump» viste seg å vere Trump.
Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Hanne Linn Skogvang og Muna Jibril skriv i Klassekampen måndagar.