Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«His Dark Materials» er eit lysande eventyr for mørke førjulskveldar.

Univers av kunnskap

Will (Amir Wilson) og Lyra (Dafne Keen) søker ikkje makt, men fri vilje. FOTO: HBO NORDIC Simon Ridgway

(Sesong 2, Storbritannia, 2019 –)

Serieskapar: Jack Thorne, basert på Philip Pullmans romantrilogi.

Med: Dafne Keen, Amir Wilson, Ruth Wilson, Ariyon Bakare, Lin-Manuel Miranda, Simone Kirby, Terence Stamp, Nina Sosanya, Andrew Scott, Will Keen, James McAvoy.

Lengde: Sju timelange episodar.

Vist på: HBO Nordic, nye episodar kvar tysdag.

Første sesong av «His Dark Materials» var visuelt engasjerande (BBC- handverk på sitt beste), men kravde tolmod med forteljinga. Det skuldast dels at serieskapar Jack Thorne er svært lojal mot Philip Pullmans intellektuelle og eventyrlege fantasy-trilogi om den evige konflikten mellom fridom og undertrykking, sanningssøking og dogmatikk.