Du kan bla til neste sideBla med piltastene
I god tro

Åndenes makt

Hjelpte englar president Trump under presidentvalet?

SPEGELBILETE: TV-predikant og pastor Paula White haldt eit direktesendt bønnemøte dagen etter presidentvalet, kor ho talte i tunger og bad Gud om å svekke Trump sine fiendar. Her frå ein «nasjonal bønnedag» i fjor. FOTO: BRENDAN SMIALOWSKI, AFP/NTB BRENDAN SMIALOWSKI

Resultatet tyder at svaret på spørsmålet i ingressen er nei, men TV-predikant, pastor og nær medarbeidar til president Trump i Det kvite hus, Paula White, gjorde i alle fall eit iherdig forsøk. Dagen etter presidentvalet haldt ho eit direktesendt bønnemøte. I eit Youtube-klipp frå denne kvelden, som har gått viralt, taler ho intenst i tunger og ber Gud om å svekke fiendane til Trump. Kanskje det som vekka mest merksemd var då ho ropa ut i bøn at det kjem «forsterkningar» frå Afrika og Latin-Amerika for å hente valsigeren heim. Forsterkningane er ikkje pengar eller folk. Men det er englar, klare til kamp. White driv med åndeleg krigføring, og det vekker gjenhøyr langt utanfor USA.

Lars Gule, Anne Kalvig, Gina Lende og Gyrid Gunnes skriv om religion i Klassekampen kvar torsdag.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?