Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Om Sønsteby og daudens kleshengar

Ein skulle vel halde sin kjeft og tastatur for seg sjølv: Eg har ikkje lese Marte Michelet si bok om kva heimefronten visste og ikkje. Ei heller tilsvar til boka frå dei tre musketerane. Eg freistar ikkje skifte sol og regn. Om Gunnar Sønsteby var jødehatar, ja, er det grunn til å tru at han skulle vere noko unntak i så måte? At han var motstandshelt og god nordmann gjev etter mi meining ikkje noko peik korkje så eller så.