Du kan bla til neste sideBla med piltastene
DebattTørrfisk

Fakta og Fake news

Etter å ha lese Viten-kommentaren til Bjørn Vassnes og Verdensfisken-artikkelen til Karsten Alnæs i Klassekampen 12. november, vart faktaboksen i sistnemnde artikkel ein nedtur. Eg reknar med at faktaboksen ikkje kjem frå historieskrivar Alnæs sin penn. For det er ikkje sant at klippfisk er Norges første eksportvare, før både trelast, shipping, olje og laks. Dette er fake fakta. Det er tørrfisken som har denne førsteplassen.

Rett nok kjem klippfisk og tørrfisk stort sett begge frå skrei eller torsk. Men i mangt og mykje er dei ulike. Det veit dei i Spania, Portugal, Italia, Brasil og i mange andre land. Dette kan vi lære oss i Norge òg; kjeldene er rikhaldige.

No går det enno ein gong mot jul. I førjulstider vert det ete ikkje reint lite lutefisk; i Lofoten er råstoffet alltid tørrfisk. Eg sleng oftare innom Kristiansund; skal eg ete godt der, er det anten blandaball eller bacalao. Bacalaoen i Kristiansund er ikkje laga av tørrfisk.