Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Våkenatt» sløkker lyset og inviterer oss med på ei uvanleg opplevingsrik reise.

Eit mørkets draumspel

MYTISKE DYR: Slike fantasifulle, mytiske og ganske skumle dyr møter vi mange av i «Våkenatt» sitt fantasifulle univers. FOTO: NICOLA LOLLI

Før i tida var mørkets makter ein del av kvardagen, men i dag er alt opplyst. Kva skjer når lyset forsvinn?

Turnéteateret i Trøndelag

Av: Konstellasjonen

Regi: Morten Røsrud

Scenografi: Jenny Hilmo Teig

Kostyme: Berit Haltvik With

Maske: Leo Thörn

Lysdesign: Kristoffer Hjulstad

Musikk og lyddesign: Frode Fjellheim

Med: Kristina Kiberg, Elizabeth Piro Volan og Janne Brit Rustad

Det finst ikkje noko meir livgjevande enn sola. Men sjølv om vi alltid har dyrka lyset, måtte folk i tidlegare tider i større grad også leve med mørket. Det var lite anna enn open eld som kunne kompensere for natt og mørketid. Dette gav rom for fobiar, mytar og religiøse fabuleringar. I vår, i dobbelt forstand, opplyste samtid, avfeiar vi slikt som overtru. Men mørket har framleis si eiga kraft, og i ei tid då det mange stader ikkje lenger er mogeleg å sjå stjernehimmelen på grunn av alt kunstlyset, tar folk til å oppsøke mørket.