Du kan bla til neste sideBla med piltastene

FORVENTNING

Den gode utsikta

Sjå framover heller enn bakover.

Psykologane lærte oss tidleg å sjå bakover. Psykoanalytikarane med Sigmund Freud i spissen vende mykje av merksemda mot barndommen og mot andre signifikante hendingar i fortida. Erik H. Erickson var oppteken av ungdomstida vår og identitetsskapinga i den perioden, og behavioristane med B.F. Skinner i front, lærte oss å sjå på forsterkingshistoria og finna ut kva som hadde forma våre tileigna handlingsmønster i nær eller fjern fortid. Dei fortalde oss at stimuli kom før respons i ei evig kjede. Me hadde lært og forstått at psykologi var å venda hovudet bakover dersom me skulle koma oss vidare.