Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eit flagg er planta i ei myr på Stadt – det varslar om kamp.

Uverkeleg

Ei uverkeleg stemning kviler over Stadhalvøya. Medan gravemaskinene raserer utryddingstrua kystlynghei og terrengdekkande myr av internasjonal verdi i det ikoniske landskapet, står folket makteslause som vitne. Regnvåte, frosne og vonbrotne over at «makta» ikkje grip inn. Med banner og norske flagg, er demonstrantane dei einaste som synest å bry seg om at fleire tusen år gamle landskapsverdiar går med i dragsuget av ein sviktande forvaltingspolitikk.