Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Skriftkultur kostar meir enn vegar og forsvar. Men ikkje slik du trur.

Språkøkonomien

Illustrasjon: Knut Løvås

I 2018 brukte stat, fylke og kommunar 96 milliardar til norsk skriftkultur. Det var meir enn det staten brukte til saman på vegar og forsvar. Språk er den viktigaste nasjonale infrastrukturen vår, sa Knut Jonassen i Standard Noreg på Språkdagen for seks år sidan. Språkforskarar hadde nok snakka om språk som infrastruktur, men her kom det frå eit miljø tett på økonomi, næringsliv og alt det som aldri berre handlar om utgifter. Eg sat på første rad, og eit spørsmål forsvann inn i hovudet: Oj, kan dette talfestast? Der er gode grunnar til å finne svar på det spørsmålet.