Ordet «identitetspolitikk» vart ikkje vanleg i norsk før for cirka fem år sidan, sjølv om det er registrert i USA frå syttiåra og framover. At ordet i sin norske samanheng såleis har kome i bruk mens Solberg-regjeringane systematisk bygde ned sosialdemokratiske ordningar, sentraliserte alt som ikkje var nagla fast og halvparten av det som var det, og gjennomførte ein målretta tiltakande økonomisk ulikskap for å insentivere dei rike og disiplinere dei fattige, bør ikkje overraske nokon.
Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Hanne Linn Skogvang og Muna Jibril skriv i Klassekampen måndagar.