James Rebanks
English Pastoral. An Inheritance
Sakprosa
Allen Lane 2020, 286 sider
I opninga av «English Pastoral» skildrar James Rebanks ei scene frå barndomen: Han sit på traktoren med bestefaren, dei er ute og pløyer jorda, og over og rundt dei flaksar og svevar hettemåsane om kvarandre og speidar etter makk i dei opne plogfòrene. Unge Rebanks sit ukomfortabelt, men roleg og ser beundrande på bestefaren, som har armen strekt bakover og kroppen vendt til sida, i ei karakteristisk kinkig stilling. Slik vekslar han mellom å kaste blikk framover og bakover langs fòrene.