Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Blindern og Bjørnehiet

Det er utruleg bakstreversk å skulle løfta eit enkeltindivid tolv etasjar opp i lufta gjennom å kalla ein bygning opp etter hen. Det er langt frå ein nøytral handling, og på universitetet er namna som skal representera universitetshistoria og dei opphøgde typane me skal strekka oss etter følgjeleg den eine mannen etter den andre, som kjem frå dei beste og nest beste samfunnslag. (Gratulerer til UiO med å ha fått på plass eit par kvinnenamn òg, som Kristine Bonnevie frå den velståande Bonnevie-slekta, ein herleg representant for den gjengse kvinne anno 1900. Dreiv ikkje ho forresten på og leita etter ein samanheng mellom «rase» og intelligens? Spør for ein ven.)