Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vårt daglege brød …

Eg sat i godstolen framfor tv-en og høyrde finansminister Jan Tore Sanner leggje fram statsbudsjettet. Eg tok imot alle godordi hans, og var som Terje Vigen «nær ved en bøn til Gud» om kor godt alt er her i landet. Berre nokre minuttar etter kom ein telefon frå Hammerfest der son min kunne fortelja at no hadde han fått pakken med to frosne brød som eg sende måndag den 28. september. Men diverre, brødi eg sende, kunne han ikkje bruka. Dei gjekk i bosset!