Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Svik er eit hardt ord

«Svikar!» Den eine Ap-toppen etter den andre har gått ut (offentleg!) og brukt det ordet om Jan Bøhler. Eit av våre styggaste ord; verre enn ‘løgnar’, tenk på ‘landssvikar’. Auga mine glippar. Det er ikkje til å fatta. ‘Den største svikeren jeg har opplevd i politikken gjennom mer enn femti års medlemsskap.’ Dette er ordnivået til ein president me helst ikkje seier namnet på. Men dette er vårt land; og det er ikkje fake news! Byrådsleiaren i Oslo snakka slik, like eins ordføraren på Nesodden (‘håper han har noen som kan hjelpe ham’) og eit hopetal andre. ‘Svik. Forræderi’. Til og med ein heidersmann som Thorbjørn Berntsen uttaler til NRK: ‘et rent svik’. Greitt, me har ytringsfridom. Men me har òg demokrati. Det inneber at i eit sunt samfunn har alle rett til å skifta syn (og parti) – og når dei står fram med det, er det å rekna for rakrygga. Ja, eg meiner Bøhler og Lippestad fortener ros. Det krev mot å halda vårt sunne demokrati i hevd.