Du kan bla til neste sideBla med piltastene

– Vi skal ta kvardagen tilbake

TRONTALE: Regjeringa vil sikre at folk har jobb etter koronakrisa. Det kom fram då kronprins Haakon for første gong las opp trontalen i Stortinget i går. – I perioden vi no går inn i, er målet til regjeringa at vi skal ta kvardagen tilbake, sa kronprinsen. Den årlege talen er skrive av regjeringa og markerer starten på eit nytt stortingsår. I 30 år er det kong Harald som har lese talen i ein høgtideleg seremoni, men i år var han sjukmeldt. – Satsinga på kompetanse skal styrkjast. Nokre av jobbane som vart borte, vil ikkje komme tilbake. Arbeidstakarar må tilbydast nye utdanningsmoglegheiter slik at dei blir kvalifiserte for dei nye jobbane, sa kronprinsen.©NPK