Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Flest alvorlege funn i kjæledyrhald

DYREVERN: Mattilsynet har avdekt vanskjøtsel i 18 dyrehald og meldt 37 dyrehaldarar for lovbrot hittil i år. Flest alvorlege funn vart avdekte i kjæledyrhald. I 15 kjæledyrhald fann Mattilsynet alvorleg vanskjøtsel. 25 vart politimelde, 9 vart avvikla og 20 fekk vedtak om forbod mot å ha dyr, ifølgje rapporten frå tilsynet for dei åtte første månadene i år. – Dei fleste passar godt på dyra sine, men i litt under halvparten av kjæledyrtilsyna finn inspektørane våre likevel både mindre regelbrot og meir alvorlege forhold, seier seksjonssjef Torunn Knævelsrud i seksjon for dyrevelferd i Mattilsynet i ei pressemelding.©NPK