Du kan bla til neste sideBla med piltastene

‘Våre etterkommarar vil smelta dei saman’?

«Våre etterkommarar vil smelta dei (nynorsk og bokmål) saman – dersom me maktar å halda engelsk unna som dominerande språk lenge nok.» Med dette tek Sylfest Lomheim (2. september) oppatt spådomen sin frå 27. mai – ein spådom som han fyrst kom med i boka Språkreisa i 2007. Der fortel Lomheim om språkutviklinga i Noreg frå dei eldste tider, og han spår om framtida. At Stortinget sette strek for samnorskpolitikken (å driva ‘aktiv tilnærming’) i 2002, har ikkje noko å seia, for «tilnærminga fortset, som før, no utan politisk vedtak,» seier han. Ja, men berre frå eine sida: