Langsam demaskering
«Happy Hour» er insisterande og retthaversk politisk teater utan særleg nyanserikdom.

Rogaland Teater, Hovudscena
Av: Cristian Ceresoli
Omsett av: Audny Chris Holsen
Regi: Audny Chris Holsen
Scenografi og kostyme: Olav Myrtvedt
Lysdesign: Tobias Hagström-Ståhl
Lyddesign: Jonas Bjerketvedt
Med: Helga Guren og Karl-Vidar Lende
For åtte år sia brakdebuterte den italienske dramatikaren Cristian Ceresoli med oppsetjinga «Dritt/La Merda»: ein monolog som i åra etter har vunne eit utal prisar. Her heime hadde dramaet norgespremiere i 2018 som eit samarbeidsprosjekt mellom Østfold Kulturutvikling og ei rekkje andre, i regi av Audny Chris Holsen og med Helga Guren på scena. Heilt åleine og fullstendig avkledd framstilte Guren ei ung kvinne som slit med manglande sjølvkjensle og som er villig til å gjere kva som helst for å få seg opp av driten. Det var ein uvanleg sterk tekst, og ei minst like sterk teateroppleving som Helga Guren høgst fortent fekk Heddapris for i fjor.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent