Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Språket

Pest og kultur

Dei to hundre åra etter svartedauden vart urolege for språk og samfunn.

Svartedauden i 1350 og følgjande pestar tok livet av nesten halvparten av folket i landet vårt. Ufatteleg. Fram mot 1500-talet veksla nordiske konge-unionar, inntil Noreg enda som dansk lydrike. Den norrøne skrifttradisjonen gjekk i oppløysing, det spinkle tekstmaterialet (rettsdokument, jordebøker osv.) syner mangel på normer. Språket endra seg dramatisk. Mengder tyske ord kom inn: arbeid, handel, sak, borgar, angst; Bergen var rundt år 1400 større enn København og Stockholm (!). Kulturord som dans og roman kom frå fransk.

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?