Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Slagstads slagside

I Klassekampen 26. august gratulerer Rune Slagstad Dagbladet-nestor Gudleiv Forr med 80-årsdagen. Ved sida av mangt interessant om Dagbladet er Slagstads historikk på eitt punkt direkte misvisande. I avsnittet om striden om Thagaards reguleringspolitikk står det at «Dagbladet i 1952 seiret i Ap», ved at partiet landa på Thagaards plattform. Men alt i 1948 begynte den stramme prisreguleringa å bli avvikla, og i 1952, da Thagaard ifølgje Slagstad sigra i Ap, la partiet tvert om forslaget til ei pris- og rasjonaliseringslov til side for godt, etter press frå representantane for Marshall-hjelpa i Norge. Derfor er det også lite hald i påstanden om at denne ordninga «ble avviklet under Tormod Hermansen og Jens Stoltenberg.»