Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Får lov å tvangsisolere dei smitta

KORONAKRISA: Helsedirektoratet har gitt nær 80 kommunar godkjenning for tvangsisolering av koronasmitta demente og utviklingshemma i hytter, hotell og nedlagde sjukeheimar – til saman rundt 280 mellombelse isolat, skriv Bergens Tidende. Forbundsleiar Jens Petter Gitlesen i Norsk forbund for utviklingshemma reagerer. – Direktoratet må sikre at dette ikkje blir ein enkel utveg, altså eit alternativ til førebygging. I desse sakene startar jo prosessen med at ein legg til rette for tvang, seier han. Helsedirektoratet understrekar at det må på vanleg måte fattast vedtak av kommunelege og smittevernnemnd i kvart enkelt tilfelle ved behov for tvangsisolering.©NPK