Makelaust: Ein plutseleg original tanke.

Innover i lyset

MEDITATIV: Helge Torvund har hatt eit år der det har komme gode dikt, heile tida. FOTO: MORTEN BRUN Morten Brun

Helge Torvund debuterte i 1978. Dei første åra kombinerte han den openberre sensibiliteten han har, med den for vår tid så typiske måten å skapa konseptuelt uttenkte, meir eller mindre eksperimentelle diktsamlingar på. Seinare i livet har han blitt tryggare på seg sjølv. Han har droppa det konseptuelle, og skriv helst laust komponerte samlingar av einskilddikt der han legg fram den typisk torvundske måten å sansa på: Han står framføre verda, observerer noko, til dømes ein fugl, ein plante eller morgonlyset, og kjenner korleis tilværet vibrerer av noko som opnar for meditativ samkjensle med alt som er. Formmessig har han blitt mindre fokusert kring det å finna dei rette, få orda. I staden er dikta lengre, nærmast kvardagsleg slentrande, men heile tida fulle av god pust, av god diksjon.